Granvin skole

Vallset - Prowise_edited.jpg

Granvin barne- og ungdomsskule er ein skule med ca. 90 elevar og 15 lærarar. Skulen har hatt ei målretta digital satsing sidan 2013. 1.-5.klasse har kvar sin Ipad, og resten av skulen har kvar sin PC, i tillegg har kvart klasserom ein interaktiv skjerm. Me prøver ut nye digitale «dingsar», og no er det programmering av Tello droner, Microbit og 3D printing som er det aktuelle.

Granvin barne- og ungdomsskule fekk levert 5 stk. Smarte MX tavler, i januar 2019. Desse interaktive tavlene erstatta eldre Smart tavler med projektor. Eit stort steg framover å kunne sjå heile skjermen klart og tydeleg, utan justering av projektor og kalibrering av tavle.

Skulen har sidan 2011 brukt Smarte tavler frå 1.-7. klasse, og lærarane har brukt Smart Note programvara i den daglege undervisninga. Oppgraderinga i 2019 med nye Smart MX tavler har gitt oss ein ny kvardag med nye moglegheiter. Interaktive tavler i lag med Smart Learning Suite Online, gir oss fleire digitale moglegheiter i klasserommet. Me kan engasjere elevane på nye og meir motiverande måtar. MX-tavlene har alt læraren treng for å gi elevane god og variert digital undervisning.

På planleggingsdagen i august 2019 var heile personalet på studietur til Oslo, der me hadde ein inspirasjonsdag hjå Interactive Norway. Der fekk me presentert og prøvd ut nye måtar å bruke Smart MX tavlene på. Dette gav oss innsikt og kunnskap til meir utprøving i klasserommet.

Både tavlene og Smart Learning Suite utviklar seg heile tida. Dette gjer at ein stadig får nye moglegheiter, i tillegg til at program/tavle blir enklare i bruk. Me trur me har gjort det rette valet for ein meir tilrettelagt digital kvardag for lærarar og elevar.